Feil med vektleggelse på konservativ
juni 27, 2007
Fra Wikipedia
Å vere konservativ er å ville ta vare på noko slik det er. Ordet kjem frå latin, conservare, å ta vare på.
Ordet, konservativ er i dagens samfunn eit negativ lada ord. Dei fleste meiner at det å ta vare på det gamle ikkje er ein positiv ting, men at ting stadig må endrast.
Endring kan vere bra for nokon, men ikkje nødvendigvis for alle. Kvifor kan ikkje folk fårstår det? I teorien skjønner folk kva eg seier, og er enig i det. Men dei aller fleste praktiserer ikkje tanken på at det som er rett for deg ikkje nødvendigvis treng ver rett for andre.
Derfor blir eg kjempe provusert når folk bruker ordet konservativ kristen. Eg fårstår kva folk meiner når dei seier konservativ kristen – at nokon kristne vil ta vare på den såkalla gamle måten å leve som kristen på. Men eg synes ikkje fokuset skal vere på at dei vil ta vare på noko slik det er.
Det blir akkuratt som at eg skal sei, at folk som trur at alle mennesker er like verifulle er konservative. Bare fordi den tanken har alltid i teorien blitt praktisert og ikkje kjem til å endrast på. Ingen ville til dømes komt til deg og sagt “Du er konservativ fordi du trur alle mennesker er like verdifulle!” for fokuset ligg sjølvsagt ikkje i at det er “ein gammal tanke”, men på at du ganske enkelt meiner det er rett. Akkuratt det same gjeld når folk seier til meg til meg “Du er konservativ fordi du er mot homofili og sex før ekteskap”, men dei fleste innser det fordi det Bibelen seier om homofili og sex til dømes ikkje ligg naturlig for mennesker og fårstå, men det gjer som regel tanken på likeverd.
Når folk på Frøyland forsamlingshus til dømes sitter når dei lovsynger Gud gjer dei det ikkje fordi dei meiner det er synd å stå, eller for å sitere ei kjent frase, “vi gjer det fordi det alltid har vore slik”, men fordi dei lovsyng best når dei sitter. Folk som går på Frøyland forsamlingshus blir ofte kalla konservative kristne. Men det ordet høyrer ikkje heime i religiøs samanheng synes eg!
Religion er ikkje noko som bare kan endrast på etter kva samfunnet seier eller din fårståelse. Du må finne din egen måte å tilbe Gud på, evangelisere eller lese Bibelen på – men gjer det sånn du trur Gud meiner er rett.
Eg trur Gud synes det er det same om du står eller sitter når du tilber. Eg trur ikkje Gud bryr seg om du les or salmebøker eller transperang. Det synes eg ikkje vi heller vi skal leggje oss opp i. Folk må finne sin egen måte å leve som kristen på, og respektere at nokon gjer det på ein annan måte enn deg. Men viktigast av alt, gjer det Bibelen og Gud seier er rett. Og husk, vi har noko vi kan lære av kvarandre!
Så for alle som vil brenne talerstolen på Frøyland forsamlingshus, eller håper at bildet av nattverden som heng bak den uønska talerestolen skal revne, vil eg bare sei at dei må gå djubt inn i seg sjølv og tenkje over om det dei seier er rett.